Betzy Kjelsberg

Biografi om Betzy Kjelsberg

Magnhild Folkvord har skrevet biografi om Betzy Kjelsberg – kom å hør om boka på Tronsmo bokhandel 9.mars kl.1700 – eller Drammen bibliotek 17.mars kl 18.00!

BETZY KJELSBERG (1866-1950) var den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Norge, frå 1910 til 1936, og gjorde mykje for å forbetra både arbeidsmilø og arbeidsmiljølovgiving. På same tid var ho ein aktiv feminist, kvinneorganisator og politikar.

I løpet av ti år stifta ho fem kvinneorganisasjonar i Drammen. Frå 1922 til 1938 var ho leiar for Norske kvinners nasjonalråd, paraplyorganisasjonen som samla dei fleste norske kvinneorganisasjonane. I partiet Venstre var ho den første – og einaste – kvinna i landsstyret, frå 1918 til 1938.

Internasjonalt var ho aktiv både i kvinnerørsla (International Council of Women) og i ILO (Den internasjonale arbeidsorganisasjonen), og var den første kvinna som tok ordet på den første internasjonale arbeidskonferansen i 1919.

Kvifor vart ho ikkje sosialminister? Var det mannfolka i Venstre som ville ha statsrådspostane for seg sjølve?

I denne boka følgjer vi Betzy som kvinneorganisator og bystyrepolitikar i Drammen, som ein sentral person i den norske kvinnerørsla, som fabrikkinspektør gjennom 25 år, og som aktiv deltakar på internasjonale arbeids- og kvinnekonferansar.

Kom for å høre Magnhild Folkvord fortelle på:

Tronsmo bokhandel i Oslo 9. mars kl 17.00

eller

Drammen bibliotek 17. mars kl 18.00

Comments are closed.