Høyringssvar til «Endringer i abortloven ved fosterreduksjon»

Til regjeringa

Kvinnefronten ser på dette forslaget som eit alvorleg brot på retten til sjølvbestemmelse ved abort som kvinner kjempa fram og var gitt ved lov i 1978. Framlegget viser ein stor mistillit til kvinners moralske og etiske evner til å bestemme kva som er best for ho og hennar familie.

Høyringsnotatet framstiller det som om det er ein vesensskilnad mellom fosterreduksjon og fullstendig svangerskapsavbrot «Retten til selvbestemmelse før utgangen av tolvte svangerskapsuke er begrunnet med at kvinnen selv er nærmest til å bestemme om hun skal fullføre et svangerskap eller ikke. Før utgangen av tolvte svangerskapsuke må hensynet til fosterets rettsvern vike dersom kvinnen ikke ønsker å få barn. Ved fosterreduksjon er situasjonen en annen. Spørsmålet er ikke om kvinnen selv skal bestemme om hun ønsker å fullføre et svangerskap og få barn, men om hun også skal ha rett til å velge hvor mange barn hun vil bære fram.»

Kvinnefronten er ueinige i dette. Det er høgst ulogisk å meine at kvinnas ynskje trumfar fosterets rettsvern kun så lenge det er eitt, og ikkje fleire, foster. Forslaget strir såleis med sjølve fundamentet i abortlova. Resultatet av regjeringas politikk vil vere at enkelte kvinner vel å abortere to foster, i staden for eitt. Vi stiller oss undrande til at Kristeleg Folkeparti legg opp til ei lovendring som kan resultere i fleire abortar.

Vi vil minne om at Noreg har skrive under FNs Bejing Platform for Action der det i punkt 95 i kapitlet om kvinners helse står «These rights rest on the recognition of the basic right of all couples and individuals to decide freely and responsibly the number, spacing and timing of their children and to have the in- formation and means to do so, and the right to attain the highest standard of sexual and reproduc- tive health”. Framlegget til Regjeringa er i strid med dette dokumentet.

I tillegg vil vi minne om at fleirtalet av kvinner som tar abort allereie har barn (Løkeland et al). Det er ingen grunnleggjande andre årsaker som ligg til grunn for å ynskje fosterreduksjon enn ved sjølvbestemt abort av eitt foster. Årsaka er at ein ynskjer å bestemme kor mange, når og med kva avstand ein vil ha barn. I desse vala vil totalsituasjonen i familien og helsa spela inn i forhold til kva ein fell ned på.

Vi vil minne om at svangerskap og fødsel er det mest risikofylte ei kvinne vert utsett for i løpet av livet. Regjeringa påstar at tvillingsvangerskap ikkje utgjer ei stor nok belastning eller risiko til å innvilge fosterreduksjon. Tvillingsvangerskap er risikosvangerskap der kvinna mellom anna er sjukemeld i nesten halve svangerskapet. Det er auka risiko for fleire tilstandar og auka belastning på kroppen. I tillegg er det auka belastning på helsa etter fødsel og ei større økonomisk belastning. Det er berre kvinna – ikkje nemnda eller regjeringa – som kan vurdere kva desse ekstra belastningane utgjer for ho. Kjell Å. Salvesen ved senter for fostermedisin har også vore tydeleg på at dei kvinnene som har fått utført fosterreduksjon ved tvillingar har hatt gode grunnar og ville også fått det innvilga i nemnd.

Vi kan ikkje godta ein situasjon der kvinner må møte i nemnd for å forsvare ein rett vi har hatt i 40 år.

Vi viser til at lovavdelinga i 2001 meinte: «Loven kan ikke tolkes slik at rettsstillingen til fosteret eller mor er annerledes ved en flerlingegraviditet enn der det kun er ett foster»

I 2016 fann også lovavdelinga at: «Lovavdelingen kom til at abortloven åpner for fosterreduksjon ved flerlingesvangerskap, innenfor de rammer som loven ellers oppstiller» og at «Selv om begjæringen om fosterreduksjon er fremmet før utgangen av tolvte svangerskapsuke, kan hensynet til forsvarlig medisinsk praksis tilsi at selve inngrepet først bør utføres etter utgangen av tolvte svangerskapsuke. I disse tilfellene åpner abortforskriften § 3 for å utsette inngrepet i kortere tid, uten at begjæringen må nemndbehandles»

Vi er samde i forslaget til presisering: «Departementet foreslår at det presiseres i loven at fosterreduksjon skal betraktes som et svangerskapsavbrudd. Dette bør gjelde selv om inngrepet teknisk sett ikke avbryter et svangerskap». Vi vil imidlertid ikkje at presiseringa i loven skal medføre ei innskrenkning i kvinners rettar.

Norske myndigheter har forplikta Noreg til å gjennomføre FNs internasjonale konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK). Etter menneskerettsloven gjelder ØSK som norsk lov. Det følgjer av General Comment nr. 22 til ØSK art. 12 at helserettar, herunder reproduktive rettar, ikkje skal bli trukket tilbake eller innskrenka på grunnlag av skiftande oppfatningar om god moral.

Vi er derimot særs bekymra over at behandlingssenteret for fostermedisin uttaler seg mot grunnlaget i lova som gir ramma for det inngrepet dei er satt til å utføre og at det er deira meiningar som er grunnlaget for lovforslaget. Dei er satt til å utføre eit inngrep heimla i norsk lov. At dei er ein aktiv part i å endra den juridiske tilgangen til fosterreduksjon fjerner tillitten vi har til at dei er nøytrale, medisinske behandlarar.

Det er i tillegg verd å merkje at Mark Evans, ein av dei største forskarane på fosterreduksjon i verda, seier at det beste tidspunktet for å utføre fosterreduksjon er mellom 11 ½ og 12 ½ veke, og at det optimale tidsspennet for inngrepet er mellom veke 9 og 13. Det er dermed fullt mogleg å gjennomføre inngrepa også innanfor dagens lovgjeving om sjølvbestemt abort, trass i behandlingssenterets forsøk på å få det til å sjå annleis ut.

Elles merker vi oss at regjeringa i dette notatet legg større vekt på risikoen for spontanabort og tidleg fødsel i samband med fleirlingesvangerskap enn kvinna si helse i desse svangerskapa. Høyringsnotatet gir ei særs detaljert grunnlag for kva for grunnar nemnda skal kunna innvilga fosterreduksjon. Det gjer at det ser ut til at det skal strengare og meir tungtvegande grunnar til å få innvilga fosterreduksjon frå tvillingar til einling enn avbrot på heile svangerskapet i tilfelle tvillingar.

Vi ser regjeringas forslag, samt prosessen i forkant av dette der statsministeren tok i bruk abortlova som forhandlingskort, som ein del av ein global trend med angrep på kvinners rettar. Det føres kvinnefiendtlig politikk frå ei rekkje kristenkonservative og høyrenasjonalistiske regjeringer verda over, herunder også mange europeiske land. Vi frykter at nemndbehandling av fosterreduksjon er første trinn mot ei meir restriktiv abortlovgjeving også i Norge.

Beijing platform of action

Løkeland M et al. Implementing medical abortion with mifepristone and misoprostol in Norway 1998–2013.

Comments are closed.