Myten om det vanskelege valet

 

Myten om det vanskelege valet

Påstanden om at dei fleste kvinner får problem og opplever skuld, skam og sorg etter ein abort er ein av yndlingspåstandane til abortmotstandarane. Diverre har påstanden til dels vorte ei vedteken sanning også for abortforsvararane.

Undersøkingar syner at kvinner som vurderer svangerskapsavbrot tenkjer nøye gjennom avgjerda. Det er ikkje haldepunkt for å tru at kvinner som har fått utført svangerskapsavbrot, har større risiko for psykiske etterverknader berre på grunn av inngrepet. Slike etterverknader har samanhang med om kvinna har hatt psykiske lidingar tidlegare, om inngrepet vart gjort etter stort press utanfrå, eller om avgjerdsprosessen var særs konfliktfylt (St. melding 16 1995).

At ein del kvinner får sorgreaksjonar, er ein naturleg reaksjon på line med reaksjonar etter andre vanskelege val og situasjonar i livet. Gravide kvinner som vel abort er ei ueinsarta gruppe. Utsikta til å verta einsleg forsørgjar er den sterkaste grunnen til å velja abort. Faktorar som påverka resultatet av det uynskte svangerskapet er dei same for dei kvinnene som er for ei liberal abortlovgjeving som for dei som er imot. Terskelen for å velja abort er høgare for den fyrste aborten enn for den andre, og vert mindre etter kvart (Skjeldestad 1995). Det kan tyda på at etterverknadene og problema knytte til abort ikkje er eit så stort problem som abortmotstandarar vil gjera dei til. Ei for stor vektlegging av abort som eit stort, psykisk vanskeleg val som vil gje deg sorg og tvil, er i seg sjølv i stor grad med på å frambringa desse reaksjonane.

 

Comments are closed.