Myten om det vanskelege valet

 

Lova er vunne, men ikkje det moralske presset

Størst og lengst er slaget om folk sine tankar om abort. Det er få som trur eller ynskjer at abort som sjølvbestemt rett skal forsvinna, men i mange folk sine hovud er det ein skilnad på kven som bør kunne nytta han.

Slike førestillingar gjer at kvinner vert sett under moralsk press. Abort er framleis eit tabuemne og vert mest berre diskutert som eit generelt medisinsk, etisk eller politisk spørsmål. At det er vanskeleg å få innført abortpilla av di det då vert for “lettvint”, er eit døme på at det finst moralske heftingar ved abort som ikkje finst ved dei fleste andre medisinske inngrep. Abort høyrer oftast med til dei meir intime samtalane, og mange fortel om eigen abort berre til dei aller næraste. Når dei fortel om han, byrjar dei også ofte å forsvare kvifor dei tok det valet. Nett som om dei ventar motbør frå dei rundt seg. I ei undersøking gjort i Trondheim seier fleire at valet er vanskeleg i 1992 enn i 1982, berre stutt tid etter at lova om sjølvbestemt abort vart vedteken i 1978 (Skjeldestad 1995). Dette kan tyda på at klimaet når det gjeld abort har endra seg i ålmenta. Abort er mindre akseptabelt.

Fakta om abort:

  • I 1983 sa 94% at dei ikkje hadde opplevd press til å setja fram krav om svangerskapsavbrot mot 85% i 1993.
  • På same tid opplevde 1,6% press til å gå svangerskapet ut i 1983 mot 3,8% i 1993. Det vil seia meir enn ei dobling.
  • På ymse spørsmål med tanke på tvil knytt til avgjerda om abort svarte dei: inga tvil om avgjerda; 1983 (78%) 1993 (33%). Tvil, men ikkje vanskeleg å ta avgjerda; 1983 (10%) 1993 (38%). Tvil, vanskeleg å ta avgjerda; 1983 (7%) 1993 (23%) Framleis i tvil; 1983 (2,5%) 1993 (6%) (St. melding 16 1995).

 

Comments are closed.