Myten om det vanskelege valet

 

Rådgjeving om abort – verdinøytralt?

Offentlege vedtak seier at ein føreset at informasjon og rettleiing av abortsøkande kvinner vert dekt av den offentlege helsetenesta eller anna offentleg verksemd, til dømes sosialkontor og familievernkontor. Tilbod om informasjon og rettleiing basert på livssyn eller ideologi er eit supplement for dei kvinnene som særleg ynskjer det.

Det skal ikkje erstatta det offentlege sitt tilbod, eller framstå som ein del av det offentlege tilbodet. Lækjaren pliktar å informera kvinna om dei medisinske prosedyrane, og det skal informerast om at tilbod om informasjon og rettleiing finst, men det er opp til kvinna sjølv om ho vil ta imot tilbodet, jamfør lova §§2 og §§ 5 (St. melding nr16 1995). I tillegg er det viktig å presisera at rådgjeving er friviljug og ikkje obligatorisk, men kravet om obligatorisk rådgjeving vert med jamne mellomrom føreslått frå abortkritisk hald.

Samtlege fylke har familievernkontor – halvparten av dei er eigde av kyrkja og den andre av fylkeskommunar eller kommunar. Dette gjer at mange av dei ikkje oppfyller kravet om verdinøytralitet. 15 av 55 sjukehus som gjennomfører abort oppgjev AAN (Alternativ til Abort i Noreg) som ein aktuell rådgjevingsinstans for kvinner som er i tvil. I denne samanhangen vert det ikkje rutinemessig opplyst om at kvinna også kan venda seg til offentlege instansar som helsevesenet, sosialkontor og familievernkontor osb. Tre sjukehus opplyser at det er etablert AAN-kontor i sjukehusa sine eigne lokale i tilknytting til gynekologisk-/fødeavdeling. Dette tyder på gjennomgåande brot på kravet om tilbod på rådgjeving frå verdinøytrale, offentlege instansar.

Frå ei undersøking gjort mellom norske sjukehus for å kartleggja informasjon og tilbod om rettleiing i samband med abort, kom det fram haldningar i personalet som tyder på at einskilde har vanskeleg for å akseptera at kvinner kan verta uynskt gravide og be om svangerskapsavbrot. Undersøkinga syner også at kvinner kan ha problem med å be om abort innan 12. svangerskapsveke, av di somme lækjarkontor ikkje prioriterer abortsøkjande kvinner. Samstundes finst det lækjarar som ikkje ynskjer å formidla abortkravet til kvinna. Det gjeld ein særs liten prosent, men det gjer at nokre krav må handsamast i nemnd fordi sjukehusa tek dei seint i mot. Rundt tre prosent av alle abortar i 1996 vart innvilga etter handsaming i nemnd (Ones, Elvebakken 1998).

AAN er ein anti-abort organisasjon
AAN gjev rådgjeving med utgangspunkt i eit uttala verdigrunnlag som seier at livet startar ved unnfanginga, og at det har same krav på respekt og vern frå byrjing til slutt. Målsetjinga deira er for det fyrste å arbeida for å redusera aborttala, og i andre omgang å gje kvinner eit breiast mogleg grunnlag for å ta eit eige val i spørsmålet om barn eller abort. Eit nær sagt uløyseleg dilemma. Samtaletilbodet gjeld tema kring fødsel, svangerskap og abort. Det er gratis, kan vara ein til to timar, og det er inga eller kort ventetid (Apold 1998).

Statens helsetilsyn har på bakgrunn frå rapport frå AAN gjeve uttrykk for at dei finn AAN sitt formelle og uformelle samarbeid med sjukehusa uheldig, og dei meiner ordninga kan vera i strid med forskrift og rettleiing til Lov om svangerskapsavbrot. Ein evalueringsrapport syner at rådgjevarane til AAN har mangelfull kompetanse innan rådgjevingsverksemd. Men trass i dette har AAN på nærare 20 år vorte endra frå å vera eit kontor til å ha 19 distriktskontor, 45 tilsette og eit budsjett på over 10 millionar kroner. Stortinget skilde ut eige tilskot til AAN over statsbudsjettet frå og med 1988: 2,2 millionar i 1988 og 9,4 i 1994(St. melding nr 16 1995). Bakgrunnen er ikkje ei kvalitetsvurdering av arbeidet til AAN, men eit budsjettforlik mellom KrF og DNA.

Kvinna tek uansett valet
Ei norsk undersøking gjort av Finn Egil Skjeldestad syner at 85% hadde teke avgjerda før dei kontakta helsevesenet. 0,6% tok avgjerda i lag med lækjaren. Ei undersøking frå 6 sjukehus i 3 fylke synte at 7% ynskte rettleiing i samband med konsultasjonen på sjukehuset før svangerskapsavbrotet (St. melding nr 16 1995). Det er viktig at dei som ynskjer og har trong til rådgjeving skal ha eit verdinøytralt tilbod, men kravet om obligatorisk rådgjeving er berre ein freistnad på å påføra kvinner som ynskjer abort ei ekstra hindring.

 

Comments are closed.