Myten om det vanskelege valet

 

Reservasjonsrett for helsepersonell

Heilt sidan kompromisslova frå mai 1975 som ga kvinner rett til abort ut frå mellom anna sosiale grunnar, har helsepersonell hatt rett til å reservera seg frå å delta på arbeidet under abortinngrepet.

Rapportar tyder på at nokre reserverer seg frå i det heile å ha med abortsøkjande kvinner å gjera. Det har dei etter lova ikkje rett til. I lova står det at det berre er helsepersonell som utfører eller assisterer ved sjølve abortinngrepet som har rett til å reservera seg frå å vera med på nett dette.

Dersom reservasjonsretten vart praktisert etter lova burde han ikkje føra til konkrete problem for kvinner som ynskjer å få utført abort, men uheldigvis finst det helsepersonell som tøyer lova om reservasjonsrett og ikkje respekterer kvinner sine rettar. Det gjer at kvinner kan møta den situasjonen at dei må reisa til nabobygda for å finna ein lækjar som vil senda inn kravet om abort.

Det finst ingen andre inngrep eller medisinske prosedyrar som helsepersonell har rett til å reservera seg frå. Kvinner som får utført abort vert på det viset ein slags medisinsk pariakaste.

 

Comments are closed.