Myten om det vanskelege valet

 

Forferdeleggjering av abort

Den australske journalisten Janet Hadley har gjeve ut ei bok om den internasjonale abortpolitikken.

Hennar observasjonar av motstandarane fortel at strategien deira er å isolera aborten som ei unik, vond, moralsk forferdeleg gjerning som berre vert gjennomføt til kvinna sin føremon, og at aborten er ei unaturleg handling i strid med kvinna sin moderlege natur. Dessutan vert abort nytta som prevensjon, noko dei som oftast også er imot, men abort vert rekna som verre enn prevensjonen (Hadley 1996).

Dette finn me att i den norske debatten også. I 1993 fremja nokre stortingsrepresentantar eit framlegg til endring i grunnlova som ville gjera det juridisk mogleg å døma abort som mord. I samband med grunnlovsframlegget verserte det ei kjendisliste laga av “Rett til liv-aksjonen” som eit støtteopprop til framlegget. Aksjonen møtte noko motbør av di enkelte kjende seg misbrukt og aldri hadde sagt ja til å stilla seg bak oppropet. Oppropet sa slikt som at alle foster har rett til å leva, og at me menneske ikkje skal bestemme over andre sine liv (Ringheim 1995). Berre kvinna sitt ser ut til å falla utanfor det kravet. Grunnlovsframlegget til Lahnstein vekte strid i eigne rekker av di det vart oppfatta som eit åtak på abortlova. Sjølv kalla ho det ei innstramming. Marit Arnstad sa til Aftenposten; “Jeg er en varm tilhenger av selvbestemt abort og dagens abortlov. Jeg ønsker ikke en ny abortdebatt” (Spence 1995).

I ein kronikk i Aftenposten seier forfattaren Elin Brodin at både menn og kvinner, barn og foster og naturlover må visast grunnleggjande respekt, elles vert me sjølvdestruktive. Det store problemet er det moderne mennesket som er av den meininga at kontroll over naturen, både i og utanfor oss, er fødselsretten vår. Den mentaliteten har resultert i mellom anna forureining, industriell dyremishandling og menneskesortering. Ho går hardt ut og meiner at abortsystemet er ein del av vår tids menneskeofring. Me, og med det meiner ho kvinna, må ta andsvar for handlingane våre (Brodin 1995).

 

Comments are closed.