Myten om det vanskelege valet

 

Avpolitisering av aborten

Medan antiabortrørsla gjer alt dei kan for å gjera abort til eit politisk spørsmål, har pro choice-gruppene (samlenamn for dei rørslene som forsvarer kvinna sin rett til å velja og at kvinna er den som er best eigna til å ta dette valet sjølv) gjort sitt beste for å framstille abort som eit ikkje-politisk spørsmål, seier Hadley.

Det gjer dei i redsle for å skape ei bølgje av motstand mot dei rettane som er oppnådd. Kjem dei på banen i ordskiftet, nyttar dei ifylgje Hadley desse argumenta:

  • Abort er eit vonde (men eit nødvendig vonde)
  • Abort er alltid ei tragedie
  • Abort er alltid siste utvegen for kvinner som er “desperate” av di dei har vore uheldige eller dumme
  • Abort er eit djupt privat spørsmål
  • Å vera for sjølvbestemt abort er også å vera for familien
  • Betre prevensjon vil redusera behovet for abort
  • Abort skal aldri tilrådast som prevensjonsmetode

Dei står fast på at utrygge abortar drep kvinner og øydelegg helsa deira og at sikker abort er nett det – sikker. Dette gjer at argumenta deira ofte fell saman med anti-abort gruppa sine argument. Det kan sjå ut til at båe meiner det er moralsk forkasteleg: Kvifor skulle det elles verta omtala som eit nødvendig vonde (Hadley 1996)?

I staden for å trakka inn på den ideologiske arenaen og det etiske/moralske ordskiftet, snakkar abortforsvararane i staden om kven som har retten til å ta valet og at valet skal liggja hjå mor. Dette burde vera eit sjølvsagt prinsipp, men Hadley har rett når ho seier at ordet val lyder penare og meir akseptabelt enn kvinneundertrykking eller kvinners rettar, og at ingen eigentleg vel abort. Ein ikkje-planlagd graviditet viser ofte kvinna kor avgrensa kontroll ho har over sitt eige liv. Å tala om val når det gjeld abort lyder litt egoistisk, omlag som ein time hjå frisøren. Det gjer det også vanskelegare for kvinner å snakka om røynslene sine (Hadley 1996).

Frå ordskifte i norsk media finn ein att argumenta over. Dagbladet intervjua høgreleiaren i samband med abortordskiftet som kom opp kring grunnlovsutspelet: “Hun [...] ble rystet til sitt innerste av morens beskrivelse av et abortsystem som tvang mange fortvilte kvinner til fornedrelse, smerter og ødeleggelse. Selv definerer hun abort som en nødløsning. Det politiske spørsmålet er hvem som skal avgjøre om nødløsningen skal brukes. Det spørsmålet er samtidig dypt personlig og preges mer av det den enkelt opplever på livets vei, enn av ideologi tatt fra en eller annen bok”, seier Kaci Kullmann Five (Austenå 1995).

I Bulletine skriv direktøren ved kompetansesenteret for likestilling; “Abortloven av 1978 handlet ikke om å være for eller imot abort. Ingen er for abort, alle forstår at dette er en nødløsning. Saken, den gang som nå, handlet om hvem som skulle bestemme” (Yssen 1998).

Desse er klåre forsvararar av retten til sjølvbestemt abort og ynskjer tryleg å styrkja rettane til kvinner, men dei er prega av den defensive argumentasjonen og grunngjevinga for abort – ein debatt der abortmotstandarane i stor grad har lagt premissa.

I bladet Henne (1998), møter me ei tobarnsmor som etter grundige vurderingar tok abort i 7-8 veke. Inngrepet og opphaldet på sjukehus var ukomplisert. I ettertid vart ho overraskande deprimert, gret mykje og angra på inngrepet. Ho tenkjer om seg sjølv at ho er eit kaldt, egoistisk menneske og at det må vera noko i vegen med henne som kvinne. Nokre gonger tenkjer ho på seg sjølv som mordar. Ho har aldri vore nokon religiøs person, men har etter aborten tenkt mykje på skuld, straff og liknande.

Psykologen svarer: “Uønskede svangerskap vil alltid forekomme, og det er godt at kvinner kan få abort under betryggende og verdige forhold. Abort er et nødvendig onde, og et psykisk smertefullt onde. [...] Du som angrer på aborten føler kanskje at dere tok beslutningen ut fra egoistiske bekvemmelseshensyn? [...] En abort berører dine verdier og din tro. Hvem bestemmer over liv og død? Hvilken rett har du til å beslutte at et liv ikke skal bli født? [...] Etter en abort kan noen få en forestilling om at det er noe i veien med dem som kvinner. De har brutt det kvinnelige prinsipp, nemlig å føde barn. [...] En abort er for mange en sorgfylt opplevelse som innebærer stor smerte. Dette er det viktig å ta på alvor. En abort er ikke noe de fleste går ubemerket igjennom. For å komme gjennom dette må du, på samme måte som ved andre tap, gå inn i sorgen” (Hope 1998) .

Psykologen ynskjer tydelegvis å hjelpa kvinna ved mellom anna å forsikra henne om at det ikkje er uvanleg å ha slike tankar, men på same tid sementerer ho synet på at ei kvar verkeleg kvinne vil kjenna skuld, skam og tvil, og ha problem med å akseptera avgjerda si.

 

Comments are closed.