Myten om det vanskelege valet

 

Sorg og skam – kulturelle barometer

Det kjem stadig utspel om at mange kvinner har store problem etter ein abort. Og det vert framstilt som om dette er eit problem som alle som tek abort vil møta. Men det finst ingen undersøkingar som stadfester at dette.

Ei ung jente fortalde om veninna si som etter ein abort hadde fått blomar og trøyst av andre veninner og som oppfatta dette som eit overgrep og som pådytting av ei sorg og eit tap ho ikkje kjende. I dag har det mest vorte slik at dersom du vil vera eit moralsk oppegåande vesen, så skal du sørgja og tvila over avgjerda di om abort. Det tyder ikkje at ein ikkje skal freista å fanga opp og tilby hjelp til dei som skulle trenga det, men ei for stor vektlegging av abort som eit stort, psykisk vanskeleg val som vil gje deg sorg og tvil, er i seg sjølv i stor grad med på å frambringa desse reaksjonane — ein slags sjølvoppfyllande profeti. Målet til anti-abortrørsla er å plaga kvinner med skuld og skam, seier Hadley (1996).

“Da jeg bestemte meg for å ta abortpillen, følte jeg at jeg ikke ble “straffet” nok. Løsningen virket for enkel. Det var tross alt min egen skyld at jeg var blitt gravid. Husker jeg følte meg råtten da jeg aborterte i toalettskåla. Allikevel er jeg glad jeg slapp kirurgisk inngrep”, seier Silje 21 år til Det Nye (Tofteng 1999).

Her kjenner me att retorikken til abortmotstandarane. Ordbruken og tankemåten har for mange menneske vorte sann av di han har vore gjentatt nok gonger. Men heldigvis finst dei som våger å seia at dei ikkje angrar.

“Jeg har aldri angret på at jeg tok abort, sier Målfrid. – Aldri tutet når jeg har sett små barnesko. Jeg har heller ikke tenkt at nå ville barnet ha vært så og så gammelt. Jeg var bare lettet etterpå. Det er lett å bli sett på som kynisk fordi man velger å være ærlig. Alle fordommene og tabuene omkring abort gjør at kvinner pådyttes dårlig samvittighet og skamfølelse. [...] Det opprører meg at kvinner føler seg tvunget til å si at de er triste og ulykkelige når de velger abort. Det er ikke stuerent å være ærlig og si at man ikke ønsker barn nå” (Horne 1998).

Påstandane om at det vert for enkelt for kvinna å ta abort dersom ho nyttar naudprevensjon eller medisinsk abort er utallige. Og det er tydeleg at den politiske viljen, eller mangelen på vilje til å gjera desse midla tilgjengelege, stør seg på denne tankegangen. Kvinna si evne til å ta avgjerda om abort vert det óg tvila på, sidan det stadig dukkar opp krav om obligatorisk rådgjeving. Det trass i undersøkingar som syner at kring 85% av kvinnene som søker abort, ikkje ynskjer rådgjeving av andre enn kjærast, familie og vener.

Du kan spørja mest kven som helst, og dei vil meina og skjøna at ei 16 år gamal jente utan jobb, utdanning og fast kjærast tar abort, medan dei som er utdanna, har fast jobb og partnar i slutten av tjue åra får problem med å rettferdiggjera valet, vert sett på som egoistiske, karrieristar og dårlege kvinner av di dei ikkje vel moderskapet framfor alt. Svaret til psykologen i Henne (Hope 1998) speglar ein slik tankegang. Mi og fleire andre si røynsle er at abort ikkje vert diskutert ope i veninnegjengen. Det kan verta diskutert som eit ålment tema – eit prinsipp, men det er ikkje personlege røynsler som fyrst og fremst vert ytra og drøfta. Fyrst når samtalen vert intim, med dei næraste veninnene, kjem temaet opp. Det er tydeleg at når abort går frå den politiske arenaen til den private, vert han eit tabu.

Når me seier at prevensjon alltid er å føretrekkja framfor abort og at abort er ei tragedie, styrkjer me ideen om at ei kvinne som ynskjer abort har mislukkast, og må vera lei seg for det ho må gjera, seier Hadley (1996).

Ord om abort
Det Nye gjorde ei lesarundersøking i 1996 som i stor grad gjenspeglar den norske konsensusen når det gjeld tilhøvet til abort: “Den typiske Det Nye-leseren er en skikkelig pike: Hun røyker ikke, har ikke prøvd narkotika og har heller ikke lyst til å gjøre det. Hun er åpen for at det finnes en gud. Abort har hun aldri tatt, og selv om hun prinsipielt er for fri abort, kunne hun ikke tenke seg å gjøre det selv. P-piller er den prevensjonsmetoden som flest bruker og på annenplass kommer kondom. Men så mange som 13 prosent satser på avbrutt samleie og 11 prosent bruker ingen form for prevensjon. Åtte av 10 svarer at de generelt er for abort, 14 prosent er usikre, mens 6 prosent er abortmotstandere. 11 prosent av jentene har tatt abort selv” (Wilhelmsen 1996).

 

Comments are closed.