Myten om det vanskelege valet

 

Aborthistoria

Kampen for abort har vore ein lang og kronglete veg. Men i dag kan norske kvinner vera trygge for strikkepinnane og illegale abortprosedyrar som sette helsa til kvinnfolk i fåre og gjekk ut over sjølvrespekten deira.. Me har rett til sjølvbestemt og gratis abort.

Katti Anker Møller vert rekna som mor til den moderne abortkampen i Noreg. I byrjinga av det tjuande hundreåret var abort straffbart, men ingen straffetrugsmål har hindra kvinner i å skaffa seg abort. Katti Anker Møller hadde lenge arbeidd for seksualopplysning, prevensjon, abort og rettane til ugifte mødre og “uegte” born.

Prevensjon og abort har alltid vore to sider av same sak. Dei tidlege abortmotstandarane kjempa mot kunnskapar om og spreiing av prevensjon. Prevensjon ville gjera kontrollen med seksuallivet til kvinnene mykje vanskelegare enn før. I dag er det lettare å sjå at abortmotstanden og motstanden mot prevensjonsmiddel fyrst og fremst retta seg mot frigjeringa av kvinna.

På 1930-talet såg ein at den gjeldande abortlova ikkje var i takt med røyndomen, og ein ynskte ei ny lov. Lovframlegget var daudt alt før det vart offentleggjort. Oppslutnaden om abortmotstandarane var for stor. Både tilhengjarane og motstandarane var samde om at kåra for mødrene måtte betrast, men hovudbodskapet til motstandarane var: “Nei til mord” og “Vern om det ufødde liv”. “Vern om ufødd liv” føreset at det ufødde livet er truga av nokon. Motstandarane føresette at fosteret i fyrste rekke trong vern mot mora, at gravide kvinner er potensielle mordarar, at foster treng eit ålment vern mot mødre.

På 1930-talet og under krigen var fødselstala låge. Nazistane/fascistane stengde mødrehygienekontora og ville ha barnetala opp, på same tid som det kom lov om sterilisering av “samfundsfarlige og arvelig belastede individer”.
Fyrst i 1964 tredte ei lov om svangerskapsavbrot i kraft. Lova ga høve til å avbryta svangerskapet fortrinnsvis innan utgangen av tolvte veke, ut frå medisinske, arvemessige og humanitære indikasjonar, utan søknads- og ankerett for kvinna.
Lækjaren kunne nekta å fremja søknaden for kvinna til lækjarnemnda dersom han fann at det var tilstrekkjeleg tungtvegande grunnar. I prinsippet kunne han avstå frå å fremja søknaden. I nemnda møtte kvinna utan forsvarar og vitne til det som skjedde. Det vart heller ikkje ført referat. Ankeretten var reservert lækjaren som hadde sendt søknaden via fylkeslækjaren, og ikkje kvinna. Abortlova definerte abort som eit medisinsk problem som måtte avgjerast av lækjarar, dei som er ekspertar på området. På det viset vart abortsøkjande kvinner behandla som ein mellomting mellom sjuke menneske og moglege forbrytarar.

Frå kring 1970 vart abortsaka sentral i det ålmenne ordskiftet. Kvinnekamp og misnøye med den varierande praksisen førte til krav om endring av lova. Frå dei kristne si side vart kampen frå då av fyrst og fremst retta mot kvinna sin rett til sjølvbestemt abort. Det kunne opna slusene for abort og umoral.

Då spørsmålet vart handsama i Stortinget i 1974 var det klårt at fleirtalet ynskte ei endring av lova, men framlegget om sjølvbestemt abort vart nedstemt med ei røysts overvekt. På grunnlag av dette ordskiftet vart det fremja og vedteke ei kompromisslov mai 1975 som ga kvinner rett til abort på sosiale grunnar, søknads-og ankerett for kvinna, abort vart avkriminalisert og helsepersonell fekk reservasjonsrett. Det førte til at det fanst sjukehus som ikkje utførte abort. I dag har fylkeslækjaren ei plikt til å sørgja for at ein skal kunne få utført abort på alle sjukehus.

30.mai 1978 vart lova om sjølvbestemt abort før 12. svangerskapsveke røysta gjennom i Stortinget med ei røysts overvekt. Det vart ikkje føreslått endringar i søknads- og handsamingsprosedyre for svangerskapsavbrot etter 12. veke, og framleis er abortsøkjande kvinner den eineste pasientgruppa som kan verta tvungen til å reise bort av di helsepersonell kan reservera seg frå å ha noko med henne å gjera.

Motstandarane hadde og har ikkje lagt ned stridsøksa. I 1983 kom det eit framlegg om å revidera den eksisterande abortlova med å introdusera tvungen rådgjeving, men framlegget vart stogga av Odelstinget og kom aldri opp til røysting (Skjeldestad 1995).

I samband med St.meld. nr.25, “Om mennesker og bio-teknologi” i 1993, kom abortsaka opp på nytt. Dette kom av den raske utviklinga av ny teknologi som kan fortelja om malformasjonar hjå fosteret og gen (Skjeldestad 1995). Abortmotstandarane let ikkje sjansen gå frå seg, og det kom eit framlegg til ny paragraf 95a i Grunnlova:
“Menneskeværdet skal være ukrænkelig. Enhver har Ret til Liv og legemlig integritet fra Undfangelse til naturlig Død”(Ringheim 1995). Ein slik definisjon av livet ville gjera abort til mord. Framlegget fall.

I 1997 vart det oppdaga at Rikshospitalet truleg sidan 1972 hadde hatt ein praksis med å senda namnelister på alle kvinner som hadde teke abort til ein gravlund i Oslo. Oversendingane vart gjort utan samtykke frå kvinnene. Dette må reknast som eit overgrep mot desse kvinnene og mot personvernet generelt.. Tre gonger årleg sendte Rikshospitalet samlekasser med foster og namnelister over kvinner som hadde abortert i perioden (NTB 1997).

Før og etter striden om sjølvbestemt abort meinte mange at folk ville verta meir skjødeslause med bruk av prevensjonsmidlar når det “berre” var å ta abort dersom ein vart gravid. Det viste seg at innføringa av sjølvbestemt abort ikkje førte til ein auke i aborttalet. Norske helsestyresmakter har i ettertid overvaka abortsituasjonen og sett i gang tiltak for å førebyggja uynskte graviditetar. I 1995 kom St. melding nr 16, også kalla Abortmeldinga. Det er viktig å merka seg den ideologiske endringa som regjeringa står for når dei no har endra formuleringa “førebygging av uynskte svangerskap” til “abortførebyggjande tiltak” som det heiter i den siste kampanjen deira.

I 1998 markerte ein 20 år med abortlova med ein konferanse. Leiarane for dei politiske ungdomspartia var inviterte til paneldebatt: “Har me sjølvvald abort om 20 år?”. Dei unge mannlege politikarane uttrykte støtte til lova, men samstundes var dei redde for at dei kunne verta hindra i å verta fedre når dei ynskte det. Dei kjende seg ikkje jamstelde med kvinner. Ingen av dei ville eller kunne svara på kva som skal til for at ei kvinne skal fullføra eit svangerskap mot si eiga vilje, men skjeletta rasla i skapet.

Røynslene med ulike abortlover og praksis viser tydeleg av det er kvinna som er det beste vernet til fosteret. Sjølvvald abort er den einaste lova som vernar kvinna mot ufrivillig abort. Gratis abort er den beste ordninga for å sikra gode tilhøve for alle kvinner som tek abort, ikkje berre for dei rikaste.

Straffelova av 22. mai 1902 § 245
“Kvinde, der ved fordrivende Midler, eller paa anden Maade retsstridig dræber det Foster, hvormed hun er svanger, eller medvirker hertil, straffes for Forsterfordrivelse med Fængsel indtil 3 Aar. Gjør nogen anden end Moderen sig skyldig i Fosterfordrivelse eller medvirkning hertil, straffes han med Fængsel i mindst 2 Aar, men fra 6 Aar indtil på Livstid, saafremt hun som Følge av Forbrydelsen omkommer” (Aanesen 1981).

Ord om abort
Katti Anker Møller: Grundlaget for al frihet maa være raadighet over egen kropp og hvad i den er. Naar derfor en kvinde vælger at sætte sit eget liv paa spil for at fri sig fra en situasjon. som i hendes øine er uholdbar, da maa hun være berettiget til det. [...] Hensynet til det begynnende foster, den plantelignende ansamling av stof og væske i en kvindes indre, uten følelse eller bevissthet, kan ikke veie op mot de krav, der kan gjøre sig gjældende hos et voksent menneske midt i livets kamp (Aanesen 1981).

 

Comments are closed.