Myten om det vanskelege valet

Føreord

Abort er ein lovfesta rett i Noreg og tilgangen og kunnskap om ulike prevensjonsmiddel er høg. Me ligg langt framme internasjonalt når det gjeld kvinna si reproduktive helse og hennar rettar. Det finst ikkje illegale abortar i Noreg, abort er gratis, me har god svangerskapsomsorg, lang svangerskapspermisjon, høg prevensjonstilgang og formell rett til å halda på jobben dersom me vert gravide. Trass i det, heftar det framleis mange moralske vurderingar og lodd ved seksuallivet til kvinner.

Snille jenter
Det er stor semje om abortlova i Noreg, lova er ikkje truga. Men motstandarane går med jamne mellomrom til åtak på lova og på sjølvstendet til kvinner. Dei fleste tykkjer det er skjøneleg at unge kvinner på 16 år utan jobb, utdanning og fast partner ikkje ynskjer å verta mødre. Men mange får problem med å akseptera at jenter i slutten av tjueåra med utdanning, jobb og fast partner tek det same valet. Inntrykket er at jenter i slutten av tjueåra kjenner seg pålagt ein situasjon der dei må rettferdiggjera avgjerda si, og mange kjem i forsvarsposisjon. Det moralske presset er stort.

Sidan Kvinnefronten er ei frigjeringsrørsle for kvinner, har sjølvvald abort alltid vore eit sentralt kampområde for oss. Kvinnefronten ga på 70-talet ut to debatthefte om abortspørsmålet. Det tok 70 år frå Katti Anker Møller sette fram påstanden om legal abort til retten vart vunnen. No, etter 20 år med åtak på lova, er det naudsynt å gje ut eit nytt hefte. Retten kvinner har til eigen kropp og til sjølve å avgjera på alle måtar om dei skal få barn eller ikkje står i fare for å verta usynlege i debattane om ny teknologi og rettsvern for foster. Feministar og andre som slåss for kvinnerettar over heile verda har gjort store framsteg. Trass i det døyr framleis kvinner av ulovlege og fårlege abortar. Abort er framleis eit tabuemne, og vert stort sett berre diskutert som eit generelt medisinsk, etisk eller politisk spørsmål. Vanskane med å få innført abortpilla med grunngjevinga at det vert for “lettvint”, er eit døme på at ein har moralske kvaler ved abort som ikkje finst ved dei fleste andre medisinske inngrep.

Kvinnefronten tek del i ei internasjonal kvinnerørsle som arbeider for å betra reproduktive rettar for kvinner over heile verda. Dette heftet er ein del av dette arbeidet. Ta gjerne kontakt med oss!

 

Comments are closed.