Myten om det vanskelege valet

 

Abort som familieplanleggingsmiddel

Dette er ein påstand som vil få mange til å sjå raudt. Ikkje minst sidan mange vil knyta han til abortmotstandarane sine skrekkvisjonar om at abort vil verta nytta som eit prevensjonsmiddel. Abort kan aldri verta noko prevensjonsmiddel sidan det ikkje kan hindra ein graviditet. Det er heller ikkje noko ynske at abort skal verta eit fyrstehands prevensjonsmiddel i staden for kondom eller p-piller.

På verdsbasis endar ein av fem eller fire svangerskap i abort – lovlege eller ulovlege abortar. Kvinner nyttar abort som ei løysing på eit familieplanleggingsproblem av grunnar som er heilt ulike for kvar einskild kvinne. Det syner at abort i høgste grad er eit viktig familieplanleggingsmiddel. Sidan abort kjem i konflikt med mange religiøse og moralske verdivurderingar, ser ikkje verdssamfunnet ut til å vera villig til å innsjå dette.

Det er ikkje noko poeng i å trivialisera abortavgjerda. I staden må me slå fast at kvinna har moralsk kapasitet til å avgjera dette spørsmålet sjølv utan å rettferdiggjere det overfor nokon. Dei fleste som vert uynskt gravide, opplever abort som ei lette. Når abort er lovleg og gratis, er det ikkje abort i seg sjølv som er problemet. Problemet er det uplanlagde svangerskapet som gjev ho ei ny avgjerd å ta, i tillegg til dei kroppslege endringane svangerskapet gjev. Ein betra tilgang på prevensjon og naudprevensjon som er både billeg og lett tilgjengeleg, må vera eit mål. Me må også akseptera at ei mogleg løysing kan vera å nytta eit mindre sikkert prevensjonsmiddel for i etterkant å ta abort dersom det sviktar. Eit uplanlagt svangerskap syner gjerne kvinner kor lite kontroll dei har over sin eigen seksualitet og fertilitet. Samfunnet må innsjå at abort er eit viktig familieplanleggingsmiddel i staden for å leggja ei moralsk byrde av skuld og skam, på kvinner som tek abort. I staden bør ein gjera ein innsats for å få ned talet på uynskte svangerskap.

I arbeidet for å trygga dei seksuelle og reproduktive rettane til kvinner, er det viktig at ein ikkje let abortmotstandarane dominera i ordskiftet og at ein ikkje let dei setja dagsorden. Dei må ikkje få slå fast at aborten er problemet. Abort er nært knytt til kvinnefrigjering og jamstelling mellom kjønna, og han er ein menneskerett.

 

 

Comments are closed.