Myten om det vanskelege valet

 

Abort er eit politisk spørsmål

 

Kvifor er me som feministar opptekne av abort og forsvararar av sjølvbestemt abort? Er det av di me er i mot born eller er omsynslause mordarar?

Nei, sjølvsagt ikkje, sjølv om det er slik abortmotstandarane gjerne ynskjer å framstilla oss. Me meiner at det ikkje finst alternativ til at kvinna skal bestemma over sin eigen kropp. Dersom ikkje ho skal bestemma – kven skal då stå som overdommar over hennar liv? Det er ikkje ufårleg å vera gravid. Svangerskap er ein av dei viktigaste årsakene til dødsfall blant kvinner i verda. Sjølv i Noreg døyr det kvart år kvinner av årsaker knytt til svangerskapet. Får ein barn må ein nytta mykje tid og år av livet sitt etter svangerskapet på dette barnet. Kvinner misser pensjonspoeng og jobbprogresjon i høve til menn, og det er ikkje så uvanleg at kvinner misser jobben dersom dei vert gravide. Ikkje så reint få bedriftsleiarar har dessutan gått ut og sagt at dei ikkje ynskjer å tilsetja gravide kvinner eller unge kvinner som dei innbiller seg snart kjem til å verta gravide. Ein ting er å utsetja seg for dette ut frå eiga ynske, noko heilt anna er det å verta tvungen til ein så stor arbeidsbyrde og omvelting av andre. I tillegg er det eit val å ikkje få barn – å leva barnlaus, men det er eit val dei fleste kvinner vert møtt med stor motbør.

Pro Vita kallar dei seg, abortmotstandarane, og framstiller seg som moralske vaktarar over det heilage livet i motsetnad til abortforsvararane. Det er særleg kyrkja og andre religiøse vaktarar som leier striden mot abort. Men er det eigentleg det heilage livet dei er så redde for? Kyrkja har forsvart drap dersom det har passa dei. Paven har mellom anna ikkje bede om orsaking for Holocaust og muslimane har heilag krig. Det er kontroll over kvinner og deira reproduktivitet som eit vern om den patriarkalske familien dei ynskjer. I USA er det tydeleg at bak retorikken om “livets rett” for fosteret, er det den seksuelle fridomen til kvinna og ikkje “mord” som er det største brotsverket til feministane, med den fylgja at mannen har mindre kontroll over reproduktiviteten. For John Wilke, leiaren for “National Right to Life””-komiteen, var legal abort ikkje berre eit åtak på fosteret, men også på mannen si overordna stilling innan familien (Faludi 1993). Det er påfallande at det stort sett er menn og ikkje kvinner som driv kampen mot abort.

I Noreg ynskjer ikkje lækjarane å kontrollera reproduktiviteten til kvinner. Dei ynskjer ikkje å sitja i nemnder, og det er mange gynekologar som vil utvida retten til sjølvbestemt abort til 18. svangerskapsveke. Over 95% av søknadene om abort mellom 12. og 18. veke som kjem til nemndene vert innvilga. Det finst ingen medisinske grunnar til ikkje å utvida retten til sjølvbestemt abort til 18. veke. I Sverige har dei sjølvbestemt abort fram til 18. svangerskapsveke.

Kravet om at abort skal vera lovleg og gratis er viktig for ikkje å gjera abort til eit klassespørsmål. Slik det er i dag kan ei kvar kvinne som har pengar til det få utført ein trygg abort medan fattige kvinner set liv og helse på spel med illegale abortar. På verdsbasis er det derimot mange lækjarar som tener seg rike på dei private klinikkane som utfører abort.

Angrepilla
Dei siste åra har helsemyndigheitene skifta fokus frå førebygging av uynskte svangerskap til abortførebygging. Kvinnefronten har åtvara mot dette. Alt no kan me sjå negative konsekvensar av denne endringa i og med at det har kome tiltak som gjer angrepille og p-sprøyte vanskelegare å nytta enn tidlegare. I Noreg ser me ofte påstandar om at det vert for enkelt for kvinna å ta ein abort dersom ho nyttar angrepilla eller medisinsk abort. Det er tydeleg at den politiske viljen, eller mangelen på vilje til å gjera desse midla tilgjengelege, stør seg på denne tankegangen. Abort får ei stemoderleg handsaming, og det ligg tunge moralske føringar og lodd på kvinna sitt seksualliv. Lækjaren Preben Aavitsland ved Klinikk for Seksuell Opplysning foreslo i 1999 at staten burde importera og selja angrepiller utan resept, dersom Stortinget og regjeringa meinte alvor med alle dei fine orda om å førebyggja uynskte svangerskap og abort. Då melde helseministeren sin politiske rådgjevar, Kristin Ravnanger, at det viktigaste var å auka tilgjenget til prevensjon, og at det var viktigare enn lett tilgjenge til angrepilla. Dersom ei ung jente bruker angrepilla, får ho heller ikkje tenkt ordentleg gjennom saka på same måte som ho gjer gjennom ein abortprosess, sa Ravnanger til NTB (Folkvord 1999a)

I 1999 gjekk helsetilsynet ut og stramma inn reglane for utlevering av angrepilla. Det vart presisert at utlevering av angrepilla eller resept på angrepille ikkje kunne delegerast til andre, og at lækjaren personleg måtte vera i kontakt med pasienten. Lækjarar som braut dette ville verta klaga for uaktsam verksemd (Helsetilsynet 1999). Tidlegare har det vore vanleg praksis at jordmødre og helsesøstre har kunna stå for ei slik utdeling av angrepilla, og det er mellom anna vanleg praksis i Sverige å delegera slikt til jordmødre. Jordmødrene fylgjer klåre retningsliner for utdeling av pilla, og det er ikkje grunn til å tru at det er nokon risiko knytt til dette. Denne innstramminga fører imidlertid til at abortpilla er mindre tilgjengeleg for brukarane, med dei risikoane for uynskt svangerskap som eventuelt kan fylgja av det. Det interessante er også at Helsetilsynet tidlegare ynskte å gjera abortpilla reseptfri.

På same tid rår Helsetilsynet til at dei som ynskjer å nytta p-sprøyte bør ha ein prøveperiode på førehand. Dette er absurd, sidan ein nettopp rår unge jenter som ikkje hugsar å ta piller til å nytta p-sprøyte. Minipilla må takast innanfor dei same fire timane kvar einaste dag for å fungera som sikker prevensjon. Det er all grunn til å tru at denne praksisen vil føra til fleire uynskte graviditetar.

Abortpilla
Historia bak kampen for abortpilla illustrerer i stor grad det politiske maktspelet og presset mot abort. Abortpilla vart utvikla i Frankrike og vart godkjend av den franske regjeringa i september 1988. Ein skulle tru at firmaet hadde skote gullfuglen med mirakelmiddelet som gjev tryggare abort og såleis kan vera med på å redda livet og helsa til mange kvinner. Men i oktober same året annonserte firmaet at dei kansellerte alle planane om å distribuera middelet av di anti-abortgrupper både i Frankrike og i USA truga med boikottaksjonar dersom ikkje produksjonen vart stogga. Helseministeren i Frankrike gjekk til motaksjon og ga fluksens ordre om å gjenoppta distribusjonen – elles ville dei tapa lisensen på medikamentet til eit anna firma. Pilla hadde vorte den moralske eigedomen til kvinner, og ikkje berre til lækjemiddelfirmaet. Ordren vart fylgd, men preparatet vart berre seld til Frankrike, Storbritannia og Sverige av di dei nekta å distribuera middelet til land der dei kunne venta aksjonar frå abortmotstandarar. Trass i at det norske stortingsfleirtalet fleire gonger gjekk inn for å gje norske kvinner tilgang til medikamentet, nekta firmaet å marknadsføra preparatet i Noreg av det dei kalla etiske grunnar. Etter boikottaksjonar særleg i USA og hardt lobbyarbeid frå abortmotstandarane Christian Coalition vedtok firmaet å stogga produksjonen, men dei la seg heldigvis ikkje heilt flate. I staden ga dei opp rettane til preparatet til eit nyoppretta firma kalt Exelgyn, som ikkje skulle produsera andre medikament og dimed vart mindre sårbare for boikottar. Dei heldt likevel ein låg profil i frykt for aksjonar frå abortmotstandarar. I byrjinga hadde dei problem med å få produsert nok Mifegyn, men det er no historie, og dei har planar om å marknadsføra medikamentet i stadig nye land. Men framleis har ikkje kvinner i dei fattigste landa, der aborten tek flest liv, fått tilgang på abortpilla (Henriksen 2000).

I Noreg er det ikkje levert inn nokon søknad om marknadsføringsløyve for abortpilla til Statens Legemiddelkontroll (mars 2000). Det vil seia at ho ikkje er ålment tilgjengeleg. Dersom sjukehuset har eiga gynekologisk avdeling, kan det søkja om “spesielt godkjenningsfritak” for å få tilgang til å bruka abortpilla.

 

Comments are closed.