Myten om det vanskelege valet

 

Fakta om abort i Noreg

Lov om svangerskapsavbrot vart vedteken 30. mai 1978. Sidan 1979 har kvinner hatt rett til gratis, sjølvbestemt abort innan utgangen av 12. svangerskapsveke.

Lova har ikkje ei absolutt øvre grense fastsett i svangerskapsveker. Men etter 12. veke må ein få søknaden gjennomgått av ei nemnd, og det er føresett at etter utgangen av 18. svangerskapsveke skal det føreliggja særleg tungtvegande grunnar (St. melding 16 1995).

Talet på svangerskapsavbrot i høve til talet på kvinner i fruktbar alder har vore stabilt frå 1979-94, men med 10% nedgang mellom 1989-94 (St. melding 16 1995). Reduksjonen har kome blant gifte kvinner, medan han har vore uendra mellom ugifte kvinner. Ugifte kvinner hadde høgare abortrater enn gifte kvinner i alle aldersgrupper (Skjeldestad 1995).

Det vanlegaste inngrepet er kirurgisk; utviding av livmorhalsen og tømming av livmora ved hjelp av vakuumsug. Inngrepet vert gjort poliklinisk (dagkirurgi) og vanlegvis under full narkose. Inngrepet er ressurskrevjande av di ein treng ei rad ulike kategoriar av helsepersonell som sjukepleiar, anestesisjukepleiar, anestesilækjar, gynekolog, operasjonssjukepleiar og personale spesialisert på postoperativ overvaking. I tillegg finst medisinsk abort. Då nyttar ein abortpilla Mifegyn, RU 486 som er utvikla i Frankrike, der ho vart nytta ved 1/3 av alle abortar i 1994 (St. melding 16 1995).

Abortpilla gjev kvinna betre kontroll over prosessen, og er mykje mindre ressurskrevjande enn kirurgisk abort. Pilla må nyttast før utgangen av 9. svangerskapsveke. Kvinna tek tre tablettar Mifegyn og i løpet av dei neste to dagane vil slimhinna i livmora løsna og støytast ut som ved menstruasjon. Innan to dagar etter inntaket av Mifegyn får kvinna ei stikkpille med prostaglandin i skjeden. Det får livmora til å trekkja seg saman og tømma seg. Gjennomsnittleg varer blødninga i 11 dagar og er som ein kraftig menstruasjon.

Overlækjar Ole Erik Iversen ved Haukeland sjukehus meiner ein kan redusera talet på kirurgiske abortar med 90 prosent med optimal bruk av angrepille og abortpille (Folkvord 1999a). Argumentet om at det vil gjera abort “for lettvint”, fortel at det framleis er knytt ei moralsk vurdering til abort, som ikkje heftar ved andre former for medisinsk behandling.

Fakta om abort

  • 75% av abortane skjer innan utgangen av 9. veke. 97-98% innan 12. veke.
  • Det samla fruktbarheitstalet er på 1,87.
  • Gjennomsnittsalderen for fyrste fødsel er 27 år.
  • Aldersgruppa med størst aborthyppigheit er 20-24 år.
  • Talet på svangerskap som har endt med abort har variert mellom 19 og 23 prosent.
  • Dei høgste aborttala har ein i Oslo og dei lågaste i Agderfylka, Rogaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland.

(St. melding 16 1995)

 

Comments are closed.