Myten om det vanskelege valet

 

Abort er ein kvinnerett

Kva for internasjonale avtalar finst?
Me har per i dag tolv grunnleggjande menneskerettar med grunnlag i fire internasjonale menneskerettsavtalar. Dei har vorte ratifiserte av ei rekkje land verda rundt. Når eit land har ratifisert desse avtalane, er regjeringa bunden av internasjonal rett til å godkjenna menneskerettane. Det vil seia at regjeringane er bunden til å endra dei nasjonale lovene, politikken og praksisen slik at dei er i samsvar med dei internasjonale avtalene. Såleis kan lova om internasjonale menneskerettar vera eit nyttig verkty for å fremja seksuelle og reproduktive rettar (IPPF 1995a).

Prosessen for å utvikla desse menneskerettane og for å få dei nedfelte i internasjonale avtalar som dei ulike landa kunne godta, har vore lang. Frå deklarasjonen om dei universelle menneskerettane kom i 1948 til Kairo-konferansen om utvikling og befolkning i 1994 og kvinnekonferansen i Beijing i 1995 har kvinna sine rettar sakte, men sikkert vorte styrkte. Det er slått fast at menneskerettane til kvinner og jenter for alltid er ein uskiljeleg del av dei universelle menneskerettane – rettar som ikkje kan trugast.

Dokumenta frå dei to siste konferansane utvida retten til familieplanlegging gjennom å gje rett til betre seksuell og reproduktiv helse. Regjeringar vart oppmoda om til å gjere noko med dei utrygge abortane, og å endra lover som straffar kvinner som har gjennomført ulovlege abortar. Kvinna sin rett til fritt å velja metodar for familieplanlegging og andre måtar å kontrollera fertiliteten på som ikkje er imot lova, vart slått fast.

Det finst lovverk som bryt med menneskerettsavtalane, men lovverk kan også visa seg ikkje å vere så restriktive som dei ved fyrste augekast kan verka. I tillegg kan det vera slik at det ikkje er lova, men den lokale praksisen som bryt med menneskerettane (IPPF 1995a).

Dei internasjonale konferansane
Den politiske kampen mellom dei ulike nasjonane og interessegruppene under dei store verdskonferansane viste kva for sprengkraft som ligg i spørsmålet om abort og menneskerettar. Knapt noko anna punkt vart det nytta så mykje tid på.

Under forhandlingsprosessen på befolkningskonferansen i Kairo forsvann spørsmålet om å ta ei avgjerd om abort som eit ynske frå kvinna. Dokumentet gjev alle sjansen til å avgjera om graviditeten skal gå til termin eller ikkje (partner, doktor, kyrkja, staten) – alle med unnatak av kvinna sjølv. Argumentet om tilgjengeleg abort i dei høva der prevensjonsbruken svikta, vart ikkje sett på som gyldig av religiøse fundamentalistar. Kvinna skulle bera fylgjene av sine seksuelle aktivitetar. Med det såg ein heilt bort frå menns ansvar for seksuell åtferd og dei ulike makttilhøva som eksisterer mellom menn og kvinner og som i denne samanhangen ofte etterlet kvinna med få val når det gjeld hennar eiga seksuelle åtferd (Appelman, Reysoo 1994).

Trass i dei tradisjonelle skiljelinene og den store motstanden frå religiøst hald, kom ein særs langt i Kairo og Beijing og ein sigra i mange kvinnepolitiske spørsmål. Det norske framlegget om at kvinner som har teke abort ulovleg ikkje skal straffeforfylgjast, gjekk mellom anna igjennom (Rapport frå FN 1996).

Kva seier menneskerettane?
Ein av dei viktigaste menneskerettane i samband med dei reproduktive og seksuelle rettane er “retten til liv”. Det tyder at ingen skal måtte risikera livet grunna graviditet, fødsel eller kjønn. Tilgangen på trygg abort burde vera ei naturleg fylgje av dette. Ikkje uventa nyttar abortmotstandarane, Pro Vita-rørslene, denne retten stort sett om fosteret sine rettar. Det er difor viktig å ta definisjonen attende frå dei og la det handla om mor sine rettar.

“Retten til fridom og sikkert liv for kvar og ein” skal trygga retten til å kontrollere sitt eige seksuelle og reproduktive liv. Det skal vera eit vern mot seksuelt misbruk, påtvunge sterilisering, påtvunge abort og pålagt frykt, skam, skuldkjensle og feiloppfatningar. Dette heng saman med “retten til å avgjere om og når ein skal ha barn”. Såleis skal ein trygge tilgang på seksuell og reproduktiv opplysing og helsetilbod som prevensjon, infertilitetsbehandling og abort.

Noko av det viktigaste er “retten til helsetilbod og helsevern”. Den generelt dårlege ålmentilstanden til kvinner er framleis ein av dei viktigaste årsakene til svangerskapsrelaterte dødsfall. Trygge abortar og fagpersonar tilstades under fødslar og abortar er nokre av dei viktigaste tiltaka for å få ned desse dødsfalla.

Kulturelle og moralske verdiar – bøygen for menneskerettane.
Menneskerettar er knytte til grunnleggjande verdispørsmål. Dei handlar om liv og død, og spelte i lag med helsespørsmål ei hovudrolle under forhandlingane på Kairo-konferansen i 1994. Koplinga kom klårt til uttrykk i abortdebatten. Abortar førekjem i alle samfunn, men måten, talet på abortar og i kva grad det er lovleg er ulik. Kompromisset vart å gje dei ulike landa retten til å avgjere sjølve i høve til lokale/nasjonale kulturar, religion og etiske verdiar så lenge det står i samsvar med internasjonale menneskerettar. Det var uklårt kva dei ulike partane la i omgrepa, og temaet var heitt, grunna mange etiske dilemma (Austveg, Sundby 1995).

Den internasjonale gynekologiforeninga stilte seg bak paragraf 8.25 i Kairo-dokumentet som omhandlar provosert abort (FIGO 1996). Den fyrste setninga seier at ein ikkje i noko tilfelle skal fremja abort som ein familieplanleggingsmetode. Det er eit typisk utslag av at moralske fordømmingar slører røyndomssansen. Abort finst i alle land, og kjem ikkje til å forsvinne så lenge folk har eit seksualliv. Alle moglege moralske grunntankar kan ikkje endra den røyndomen. Abort er i høgste grad eit familieplanleggingsmiddel. Det er viktig å presisera at ein vann mykje i Kairo.

Fakta om abort:

  • Kring 650 000 kvinner døyr kvart år av grunnar knytt til svangerskap og fødslar (IPPF 1995a).
  • 20-30% av svangerskapsrelaterte dødsfall som skjer årleg skuldast usikker abort, og 99% av desse skjer i utviklingsland (IPPF 1995b).
  • I Noreg døyr 1/7000 medan i Sierra Leone døyr 1/7 av svangerskapsrelaterte årsaker.

 

Comments are closed.