Myten om det vanskelege valet

 

Fakta om abort i verda

Abort vert utført i alle land – lovleg eller ulovleg. Tilgangen på abort-statistikkar varierer frå land til land. Ikkje uventa er dei mest fullstendige statistikkane frå land der aborten er lovleg.

Gjennomgående liberalisering
Sjølv i land med særs restriktiv lovgjeving er abort stort sett tillate dersom livet til kvinna er i fåre. Sidan 1985 har 19 land liberalisert abortlovgjevinga si monaleg. Sør-Afrika liberaliserte lova drastisk i 1994 slik at ho no er på line med den norske, og berre Polen har gjort tilgangen vanskelegare. I Aust-Europa har åtaket på abort og reproduktive rettar vore eit av paradoksa i dei nye demokratia. Kvinna sitt høve til å få abort er ikkje berre påverka av lovgjevinga, men av korleis lovene vert tolka, korleis dei vert handheva og kva haldning det medisinske samfunnet har i høve til abort. Det ser ut til at ein global trend mot liberalisering av abortlovgjevinga som var observert før 1985, held fram (Rahman, Katzive, Henshaw 1998). Resultata frå Kairo- og Beijing-konferansane ber preg av ei positiv utvikling. Særleg vart det gjort store framsteg i åra 1994-97. Den finansielle krisa i mange utviklingsland frå 1997 og nedgangen i bistand har derimot seinka denne utviklinga og viser at reproduktive rettar i stor grad er for dei rike (6 Billion 1999).

I Egypt tillet lova abort berre dersom livet til kvinna er i fåre. Likevel trur ein at det skjer minst ein halv million illegale abortar berre i hovudstaden Kairo kvart år. Dei fleste av desse gravide jentene er unge og ugifte. Islam aksepterer ikkje seksuelle samband utanfor ekteskapet, men truleg har rundt 90% av ungdomen likevel prøvd ut seksualiteten sin på ein eller annan måte (Wiese 1995).

Tolking av lover gjev ulik praksis

Ulik tolking og bruk av lovteksten gjer at lova ikkje alltid gjev eit rett bilete av røynda. Sjølv om abort til dømes er lovleg i India på fleire grunnlag, er lova ganske spesifikk når det gjeld kvar og kva for helsepersonell som kan utføra prosedyren. Det gjer at abort ikkje er tilgjengeleg mange stader på landsbygda, og ein trur difor at dei fleste abortar vert utførde på stader og av personell som etter lova ikkje er autorisert til å utføre abort. I Bangladesh tillet dei derimot abort berre for å redda livet til kvinna, men tilgangen på menstruasjonsregulering (utsuging og tømming av livmora som vert utført for hand med ei sprøyte og ein hol plastikktube, og som vanlegvis vert gjennomført utan at graviditet er påvist) tryggar god tilgang på abort innan åtte veker frå siste mens (Rahman, Katzive, Hensaw 1998).

I tillegg til at tolking av lovtekster og ulik praksis gjev variert tilgang til abort, er utdannings- og kunnskapsnivået når det gjeld prosedyrane kring abort hjå helsearbeidarane ulike. Tilgang på utstyr, lokale og hygiene er heller ikkje lik. Det gjer at helserisikoen knytt til inngrepet varierer, og kvinner kan stå andsynes ymse komplikasjonar. Haldningane i samfunnet og hjå helsearbeidarane knytt til abort og den aborterande kvinna kan gjere at dei bremser prosessen. Kanskje gjev dei ikkje kvinna abort innan fristen, eller dei nyttar ikkje dei mest skånsame metodane. Dessutan har ikkje alle land eit offentleg tilbod slik me har i Noreg, men stør seg på det private. I alle land kan ein få utført ein abort dersom ein har pengar. Dette skaper eit skilje mellom rike og fattige. I Spania utfører dei i praksis knapt ein einaste abort på dei offentlege sjukehusa, trass i at abort er lovleg ved fåre for mors liv, misdanningar på fosteret og valdtekt. I staden går dei spanske kvinnene som har råd til det til private klinikkar og får utført ulovlege abortar til ein høg pris.

Fakta om abort:

  • 20-30% av alle svangerskap endar i abort.
  • I 1987 rekna ein med at det var utført 26-31 millionar lovlege abortar og 10-22 millionar ulovlege abortar på verdsbasis (Skjeldestad 1995).
  • 61% av verdsbefolkninga bur i land der provo-sert abort er lovleg på eit eller anna nivå.
  • 25% bur i land der abort er generelt forbode – 54 land lokalisert hovudsakleg i Afrika og Latin-Amerika (Rahman, Katzive, Henshaw 1998).

 

Comments are closed.