Myten om det vanskelege valet

 

Når byrjar menneskelivet?

Spørsmålet om når fosteret vert eit menneske, er eit moralpolitisk spørsmål som det ikkje er semje om korkje i Noreg eller verda forøvrig. I stor grad er det eit definisjonsspørsmål som ulike land har funne ulike løysingar på.

Bangladesh tryggar mellom anna tilgangen til abort ved å nytta menstruasjonsregulering, sidan det i praksis er ein tidleg abort utan at graviditeten er påvist. Abort er elles berre lovleg dersom livet til mor er i fåre. I Spania definerer dei fosteret som eit liv fyrst etter at det har festa seg i livmora. Dei kan difor godta å nytta angrepilla som gjer at livmora ikkje vert ein høveleg stad å veksa for det befrukta egget.

I hovudsak er det abortmotstandarar og skeptikarar som snakkar om fosteret sitt menneskeverd, og kritiserer abortforsvararane for å vera uetiske når desse heller snakkar om kvinna sine rettar. Dei kjem ofte på kant med eigne meiningsfellar, sidan dei har ulike definisjonar av når menneskelivet byrjar. Nokre kan mellom anna akseptere angrepilla og spiral, noko som igjen viser kor lite semje det er om når fosteret vert eit menneske. Dei godtek dessutan som oftast abort dersom kvinna sitt liv er i fare.

Den kristne avisa Vårt Land skriv: “Der tek Christina Nilsson (svensk jurist. red.) eit kraftig oppgjer med “retten til å slå i hel” [...] Menneskelivet har absolutt verdi. Det er ut i frå demokratisk synspunkt sjølvsagt å verna om dei svakaste og gje ei stemme til dei som inga røyst har. [...] Ho meiner dei som vert gravide, må ta ansvar og bera følgjene av vala sine. Nilsson argumenterer moralsk. Men også juridisk: For, seier ho, det ufødde barnet er ikkje skuldig i sin eigen eksistens. Med andre ord må foreldra ta ansvaret sitt. “Det er ikkje normalt å drapa barna sine.” [...] For henne startar menneskelivet når det befrukta egget festar seg i livmora” (Morken 2000).

Filosofen Jens Saugstad har sagt at menneskeverdet er knytt til statusen som person og at etter vår tradisjon er personstatus knytt til rasjonell natur og evna til moralkjensle. Slik sett vert difor fosteret berre eit potensielt menneske, og ein tidleg abort kan difor umogleg vera gale i høve til menneskeverdet til fosteret. Om seinabortar seier han at fosteret sin rett til liv ikkje pålegg kvinna ei plikt til å nytta kroppen sin for å redda det livet. Hennar pliktar knytt til fosteret er avhengig av at ho aksepterer graviditeten. Difor meiner han at seinabortar heller ikkje kan vera ei krenking av fosteret sin rett til liv (Gulbrandsen 2000). Det er ein kvinnerett å få bestemma over sin eigen kropp, og ingen skal ha rett til å krevja at me som kvinner skal utsetja kroppen vår og livet vårt, for eit svangerskap me ikkje ynskjer.

Individualiseringa av fosteret løyser det frå kroppen til kvinna og gjev det eigne rettar. Det kan føra til groteske fylgjer for kvinner. I Tyskland og delar av USA, ynskjer ein at kvinna skal verta strafferettsleg ansvarleg overfor fosteret. Dersom det kan provast at fosteret har lide skade under svangerskapet grunna til dømes røyking eller misbruk, kan kvinna verta dømt for dette. Kontrollen vår av gravide kvinnelege rusmisbrukarar er eit døme på dette.

I dei landa der kvinnefrigjeringa har kome lengst og kvinna sine menneskerettar står sterkast er aborttala lågast. I tillegg til har desse landa god tilgang på etter måten billeg og høveleg prevensjonsmiddel. Den kunnskapen burde gjera abormotstandarane og skeptikarane interesserte i å styrka kvinna sine menneskerettar. Når dei ikkje er det, vitnar det meir om trong til å kontrollera kvinna og seksuallivet generelt, og om ei mistenkeleggjering av kvinner sin vurderingsevne. Det gjev eit gufs frå tider ein trudde var over. På femtitalet bestemte kvite frakkar og offisielle titlar kven som skulle hindrast i å få barn gjennom abort og sterilisering, og kven som skulle tvingast til å få born. Men det var kvinnene som måtte bera ansvaret for å leva med konsekvensane av dei vala andre hadde teke for dei. Abortlova og abortpraksisen på den tida handla ikkje om respekt for liv og menneskeverd. Det handla om ein manglande respekt for kvinner (Ericsson 1998).
Verda har ikkje forandra seg mykje, prinsippet er det same og Katti Anker Møllers ord står framleis ved lag: “Kvinnen bør vere suveren i denne avgjørelsen fordi det spirende liv i hennes indre i virkeligheten kun har en beskyttelse, den nemlig at vi kvinner gjerne vil ha barn og elsker barn. Men fordi hun alene bærer risikoen og på kjenningen ved svangerskap og fødsel, må hun ha rett til å bestemme når og hvor mange ganger hun vil føde” (Aanesen 1981).

Ord om abort
“I Michigan ble en mor fradømt foreldremyndigheten over et nyfødt barn fordi hun hadde tatt noen få valiumtabletter da hun var gravid, for å lindre smerene etter en skade i en bilulykke. Trebarnsmoren hadde aldri vært mistenkt for stoffmisbruk eller vanskjøtsel av sine barn. Det tok henne over et år å få barnet tilbake.

I Illinois ble en kvinne stilt for retten etter at ektemannen beskyldte henne for å ha skadet datterens innvoller i en bilulykke under svangerskapet. Det var ikke en gang hun som kjørte” (Faludi 1993).

Gro heitte ei jente som var lagt inn på ein institusjon med “store tilpasningsvansker. Hun var tverr, stridig og løp meget ute.” Ho fekk lov til å vera heime ein periode. I den perioden får institusjonen eit brev frå ei kvinne i heimbygde med eit rykte om at Gro er gravid. Institusjonen skriv brev til barnevernsnemnda med framlegg om at dei, gjennom distriktslækjaren, bør søkja om å få fjerna fosteret “og i samme forbindelse få Gro sterilisert”. Svaret frå leiaren i barnevernsnemnda: “Det viser seg at Gro er gravid i 6. måned. Det er da for sent å få fosteret fjernet. Imidlertid er det all grunn til å søke å få henne sterilisert like efter fødselen, mens hun enda befinner seg på kvinneklinikken. Jeg søker derfor Helsedirektoratets godkjennelse. Familien bør ikke få vite noe om dette, idet det da er all grunn til å tro at hun ikke vil legge seg inn i klinikken.”

Helsedirektoratet avslår å sterilisera ho mot hennar vilje, men Gro og mora let seg overtala sidan ho då kan få reisa heim. Steriliseringa vert prisen ho må betala for å slippa laus frå institusjonen (Ericsson 1998).

 

Comments are closed.