Myten om det vanskelege valet

 

Ny fødselsteknologi – tryggleik eller trugsmål?

Bruken av ny teknologi har sett fart i abortdebatten, og sett igang ein diskusjon om sorteringssamfunnet. Ny fødselsteknologi har gjort det mogleg å sjå fosteret på stadig tidlegare stadium, og skilja mor og egg gjennom nye befruktningsteknikkar. Fostermedisinen har i tillegg seinka grensa for levedyktigheit utanfor mora, og samstundes gjort fosteret til ein mogleg eller verkeleg pasient (Stenvoll 1998).

Det finst ingen medisinske kriterium som tilseier rutinemessig ultralyd i løpet av svangerskapet. Tross i manglande medisinske grunnar, aukar bruken av ultralyd. Sjølv om det eigentleg berre er eit tilbod har det vorte til ein “nødvendig” og sjølvsagt del av svangerskapskontrollen. Helsa og livet til fosteret eller mor vert ikkje betra ved rutinemessig bruk av ultralyd, men antropologar meinar det er eit viktig fyrste møte mellom far, mor og barn for å skapa det fyrste sosiale bandet i familien. I tillegg har ein tilrådd å nytta det rutinemessig i 17.-18. svangerskapsveke for å demma opp for uhemma bruk av ressursar på meiningslause ultralydundersøkingar. Bruken av ultralyd skaper dessutan falsk tryggleik. Ultralyd og fostervassprøvar gjev ikkje nødvendigvis eit sant svar på tilstanden til fosteret. Ein del born vert fødde med alvorlege misdanningar, sjølv om dei har vorte undersøkte med ultralyd fleire gonger i løpet av svangerskapet. At det er lett å ta feil kjønn har mange fått erfara. Lækjaren Linn Getz seier at kvinna kjem i klemme ved å avslå ein diagnostisk invitasjon. Ho kan koma til å angra seinare dersom eit mogleg avvik som kanskje kunne vore unngått, seinare vert påvist (Gulbrandsen 2000). På same tid viser undersøkingar at dei som har fått påvist avvik under svangerskapet, har større psykologiske stressreaksjonar enn dei som oppdaga dei fyrst ved fødselen.

Denne overvakinga av kvinnekroppen og fosteret har bidrege til å individualisera fosteret, og ført til ynske om å avgrensa morsmakta og abortretten. Kunnskapen om fosteret aukar og vert tilgjengeleg på stadig tidlegare tidspunkt. Det gjer at det kan koma eit krav om å stramma inn grensene for rett til sjølvbestemt abort.

 

Comments are closed.