selvbestemt abort

Høring – endring i abortforskriften mv. (reduksjon av antall abortnemnder)

Kvinnefrontens høyringssvar: «Høring – endring i abortforskriften mv. (reduksjon av antall abortnemnder)»

Kvinnefronten er glade for at ein gjennomgår primærnemndene sitt arbeid og vurderer korleis ein kan gje kvinnene best mogleg behandling i ei abortnemnd. Vi meiner derimot at vurderinga og tiltaka som er foreslått ikkje er til kvinna sitt beste.

Ein skriv i høyringsnotatet; «Etter å ha gjennomgått nemndspraksis 2, pekte ekspertgruppen på betydelige forskjeller i primærnemndenes praksis, blant annet i tilretteleggingen for samtale med kvinnen. Gruppen pekte også på at primærnemndenes praksis på flere områder ikke er i samsvar med lovgivningen og at arbeidet i nemndene ikke gis tilstrekkelig prioritet. Blant annet fant gruppen eksempler på at kvinner ikke blir kalt inn til et felles møte med legene i nemndene, men må snakke med legene en av gangen og at det ikke brukes tolk. Gruppen pekte også på at begrunnelsene for vedtakene er svært varierende.  For å styrke kvaliteten på nemndsarbeidet, anbefalte ekspertgruppen at antall primærnemnder reduseres fra 34 til under 17. Ved fastsettelsen av antall primærnemnder mente gruppen en bør ta hensyn både til antall saker som hver nemnd behandler og geografisk spredning av nemndene og dermed reiseavstand for kvinnene.»

Det er sjølvsagt eit problem at kvinner ikkje er sikra ei lik handsaming rundt om i landet og av den grunn oppretta også ei sentral klagenmend. Det er vi glade for. Derimot ser det ut som om ein i konklusjonen flytter byrden og ansvaret med å få mest mogleg lik behandling frå behandlar til kvinna. I staden for å følgje opp nemndene og krevja at dei endrar praksis og set av tilstrekkeleg tid til desse nemndene så skal kvinnene bruka meir av si tid på å reisa og venta på ei vurdering. Dei er i ein sårbar situasjon. Ikkje alle har gode ressursar rundt seg, ikkje alle vil skjøna kvifor dei må reise vekk og nokre treng å halda dette hemmeleg. I dei tilfella vil ei ekstra reise med mogleg nødvendig overnatting vera ei ekstra og kanskje umogleg belastning. Kvinnefronten har allereie erfaring med å få mail og telefonar frå kvinner som har problem med å koma til lokal behandlar for ein sjølvbestemt abort.

Vi ser frå rapporten over svangerskapsavbrot frå Abortregisteret (Folkehelseinstituttet) at i 2016 var 40 av 571 nemndbehandla abortar avslått i primærnemnd. Av alle nemndbehandla abort var 63% utført før 15. veke og blant dei var det berre 2 avslag i primærnemnd. Lova vernar fyrst og fremst kvinna sitt ynske før 18 veke og dette ser det ut til at nemndene følger uavhengig av nemnda sitt erfaringsgrunnlag. Vi ser difor ikkje gevinsten for kvinna å måtte reise lengre for å møte i ei nemnd som har eit større saksvolum. I staden ber vi om at nemndene får tettare oppfølging slik at dei følger gode rutinar og gir god behandling.

Vi ser det som sjølvsagt at kvinner som vert nødt til å reisa for å møte i nemnd får dekt nødvendige reiseutgifter og overnatting med eventuell ledsager utan at dei må betale eigendel.

Alternativt vil vi støtte ei endring av lova som tillater sjølvbestemt abort opp til 16-18 veker. Dersom det vert tilfelle kan vi sjå for oss at ein reduserer talet på primærnemnder.

Vennleg helsing

Kvinnefronten

Comments are closed.